Arrangement

Kongerekka kjem til Sula! - med Are Sende Osen

Arrangeres av:

Kongerekka kjem til Sula: Bli med på ein historietime utanom det vanlege!

10.november kjem Are Sende Osen til Sula for å fortelje høgdepunkta frå suksesspodkasten «Kongerekka».

«Kongerekka» er historia om dei norske kongane – frå Harald Hårfagre, som samla Norge til eitt rike på grunn av ei dame, og fram til dagens kongehus.

Dette er vår eigen «Game of Thrones» – frå virkeligheita. Her finst intriger, sex, brodermord, sterke kvinner, trolldom og store slag – berre ikkje rett så mange drakar.

Osen fortel uhøgtideleg, lett og underhaldande om kongane, menneska rundt dei og alt det rare som har skjedd i norsk historie.

Det blir også mykje lokalhistorie.

Den mektige Ragnvald Mørejarl var Harald Hårfagres nære ven og ein viktig støttespelar. Han skal også ha vore kongens personlege stylist og klipte det berømte bustete håret hans etter samlinga av Norge.

Ragnvald hadde ein son som var så stor og tung at ingen hest kunne bere han. Han måtte difor gå overalt og fekk tilnamnet Gange-Rolv. Etter å ha vorte landsforvist frå Norge reiste han ut i verda og enda opp som hertug av Normandie.

På Vigra seier tradisjonen at Gange-Rolv kom derifrå.

Det blir med andre ord både kongar, sunnmøringar, vikingar, intriger og gode historier når Are Sende Osen kjem til Sula.

«Kongerekka» har vorte til fire sesongar og 43 episoder, tre bøker og eitt TV-program, og nærmar seg seks millionar nedlastingar.

Osen har halde foredrag om «Kongerekka» over heile landet – på bibliotek, kulturhus, skular, sjukeheimar, festivalar, Stiklestad, Stortinget og Slottet.

Etter foredraget blir det anledning til å kjøpe signerte bøker.

Forestillinga er på Friheim kulturhus tysdag 10. november kl. 19.00.

Friheim vil ha open kafé frå kl. 18.00, og der blir det høve til å kjøpe seg kaffe og kaker.

Billett kr. 250 får du kjøpe på Tikkio.com eller ved inngangen.

Kategori
Experience

Kopier lenke for å dele til Facebook-grupper

November 10, 2026

18:00 — 19:30

Praktisk informasjon

Sted:Friheim kulturhus
Adresse:Sloghaugvegen 51, 6030 Langevåg, Norge
Kontaktperson:

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.

Kart