Folkeakademiet Sula

Folkeakademiet er ein landsdekkande organisasjon som hjelper lokale ildsjeler med å sette opp kulturarrangement der dei bur. Folkeakademiet (FA) Sula er ein del av Region Midt Noreg sitt folkeakademi, og her i kommunen vart laget starta opp på slutten av 90-talet. Kva er eigentleg eit folkeakademi, spør du kanskje? Det er ein landsdekkande kulturorganisasjon som tilbyr sine medlemer foredragshaldarar, underhaldarar og liknande og det vert gitt ein pengesum til FA Sula i høve til den lokale organisasjonen sin aktivitet. Mottoet for folkeakademia er «Kunnskap og kultur der du bur». Vi oppmodar lag og organisasjonar på Sula å vurdere om DITT lag vil verte medlem. Også enkeltpersonar kan melde seg inn i eit folkeakademi. Prisar medlemsskap; Organisasjonar 500 kr Familiar 400 kr Personleg 300 kr Som medlem kan du søke om stønad frå ditt lokale FA. Ein treng ikkje nytte Region Midt Noreg sine underhaldarar, det kan gjerne vere lokale songarar, foredragshaldarar og liknande. Denne lekkja gir meir informasjon: https://folkeakademiet.no/

Kopier lenke for å dele til Facebook-grupper

Praktisk informasjon

Adresse:Fyllingvegen 11, 6030 Langevåg, Norge
Kontaktperson:
Internettadressefolkeakademiet.no
Følgere av arrangørsiden: 3
Sist oppdatert: 9. oktober 2026

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.