Arrangement

Foreldrekurs - Tuning in to teens.

Logo
Hosted by:
Co-host:
Vil du hjelpe tenåringen din med å handtere kvardagens mange følelsar? Tuning in to Teens™ (TINT) er eit foreldrerettleiingskurs som fokusera på å styrke det emosjonelle bandet mellom foreldre og tenåringar, i tillegg til å auke både emosjonell forståing og emosjonell kompetanse. Gjennom Tuning in to Teens™ vil du utvikle ferdigheiter innan noko som blir kalla emosjonsrettleiing. Det handlar om å anerkjenne, forstå og handtere både eigne og tenåringen sine følelsar. Ein tenåring som blir møtt med slik emosjonell forståing, vil også sjølv tileigne seg nye emosjonelle ferdigheiter og kompetansar, og vere betre rusta til å handtere livets opp- og nedturar. Tuning in to Teens™* har som mål å auke emosjonell kompetanse – det vil seie evna til å: * Identifisere og forstå eigne kjensler * Bruke kjensler for å navigere i sosiale samspel * Bruke emosjonell medvit for å ta val og løyse problem * Handtere frustrasjon og kunne vente på det ein ønskjer seg * Hindre at stress og uro tek over og hindrar klar tenking * Ha kontroll over korleis og når du uttrykkjer kjensler Emosjonell kompetanse er viktig både for deg og tenåringen din. Det gir dykk betre kontroll over eigne handlingar, bidreg til å redusere stress, og gjer dykk i stand til å roe dykk sjølve og halde konsentrasjonen i utfordrande situasjonar. I tillegg vil auka emosjonell kompetanse hjelpe tenåringen din med å byggje gode og varige vennskap og nære relasjonar. Tuning in to Teens™ er eit forskingsbasert program. Mange studiar har vist gode resultat. Funn viser at foreldre som deltek på TINT utviklar betre evne til emosjonsrettleiing, og at tenåringane får betre emosjonell forståing. Det er òg ofte rapportert om reduksjon i både innadretta og utadretta utfordringar. Kven kan delta? Kursa er spesielt godt eigna til foreldre med barn i aldersgruppa 10-18 år. Påmelding: https://dialog.sula.kommune.no/dialogue/SKO-151
Category
Learn

Copy link for sharing to facebook groups

Reccurring event

January 13, 2026 — February 24, 2026

Practical Information

Place2.etg
AddressMolværsvegen 17, 6030 Langevåg, Norge
Contact person
Social networks:sula.kommune.no
Available day(s) to participation: Tue, February 3, 2026, 16:00 - 18:00 Tue, February 10, 2026, 16:00 - 18:00 Tue, February 24, 2026, 16:00 - 18:00

If you have any questions, please do not hesitate to contact us

Map