Circle of Security – Tryggleikssirkelen
Alle føresette opplever at foreldrerolla kan vere vanskeleg nokre gonger, enten du har ein liten baby, ein trassig treåring eller ein tiåring på full fart inn i puberteten. Føresette vil det beste for barna sine. Vi ønskjer oss trygge og glade barn, som har gode relasjonar til andre. Men av og til kan det vere utfordrande å vere foreldre! COS-P er eit verktøy som hjelper deg å forstå kva barnet ditt treng i ulike situasjonar, og korleis føresette kan ivareta det på best mogleg måte. Alle menneske opplever i ulik grad utfordringar i samspel med andre – ikkje minst foreldre i forholdet til barna sine. Dette kurset handlar ikkje om å bli «perfekte foreldre», men alle foreldre vil ha utbytte av å forstå meir av det som skjer i samspelet med barnet sitt. Dette kurset er laga for å hjelpe oss å bli «gode nok».
Kva lærer eg?
COS-P/Tryggleikssirkelen er eit video- og refleksjonsbasert kurs som legg vekt på:
- korleis bli betre til å observere og tolke behova til barnet
- korleis hjelpe barnet med å regulere kjensler
- korleis handtere situasjonar der barnet oppfører seg utfordrande
- korleis takle eigen frustrasjon når barnet oppfører seg utfordrande
Kjenner du deg igjen (både som mor eller far) i nokon av dei i filmen, då er dette noko for deg.! https://youtu.be/_hR_5dTecOE
Generell informasjon:
Kurset er for foreldre med barn mellom 0–10 år. Kuset går over 8 ganga. 1,5 time per gang.
Påmelding: