Arrangement

Glennes Foreldreprogram

Logo
Hosted by:

Rettleiingsprogrammet for foreldre til barn med autismespekterforstyrringar (ASF) er utvikla på bakgrunn av eit prosjekt gjennomført av autismeavdelinga ved Glenne regionale senter for autisme, som vart ferdigstilt i 2007.

Bakgrunnen for prosjektet var eit ønske om å styrkje ferdigheitene og moglegheitene foreldra til barn med autismespekterforstyrringar har til å løyse utfordringar som er særskilt knytte til det å oppdra barn med autismespekterforstyrringar.

Målet med Glennes foreldreprogram:

Deltaking i Glennes Foreldreprogram har som føremål å styrkje foreldra sine moglegheiter til å lukkast betre i samhandlinga med barna sine. Dette inneber både å styrkje ferdigheitene deira til å analysere kva som skjer i konkrete samhandlingssituasjonar, korleis ein kan leggje til rette for og gjennomføre samhandling tilpassa føresetnadene til barnet deira, og korleis ein kan handtere ulike situasjonar som oppstår i kvardagen. Tilbodet er tilpassa det å ha barn med utfordringar innan ASF.

Foreldreprogrammet er delt inn i tre hovudområde. Dei første fire vekene arbeider ein med positiv samhandling. Deltakarane får teoretisk opplæring i dei ulike tema, dei får praktiske erfaringar og øvingar som er tilpassa kvar einskild, og dei får heimeoppgåver som dei arbeider med mellom samlingane. Tema desse vekene er å kome i posisjon til positiv samhandling, åtferdsskildring, å setje at tid til å vere saman, avgrense krav, bevisthet rundt ros og gode beskjedar i samhandling.

Dei neste vekene arbeider ein meir systematisk med opplæring og tilrettelegging for sjølvstende, med fokus på ananyse av åtferd og motivasjon. Dei siste vekene går ein gjennom sentrale prinsipp knytt til grensesetting. Dette blir tilpassa ASF og utfordringar som er vanlege innan autismespekteret.

Dei ulike delana av tilbodet byggjer på kvarandre i ei fastlagd rekkjefølgje. Dette føreset at alle deltakarane deltek i heile programrekkja.

Kven kan være med?

Foreldreprogrammet er for foreldre til barn med autismespekterforstyrrelse, frå 4 år og opp til 18 år. Veiledninga består av møte kvar veke i 12 veker, med bestemte tema for kvar samling. Kvart møte er på 2,5 time. Foreldreprogrammet passa for dei foreldra som har jevn kontakt med barna. Foreldre må være motivert til endring heime, og foreldre må ha mulighet til å bruke tid på dette den perioden de er med i veiledningsprogrammet.

Planlagte kurs:

Informasjonsmøte: 22.september kl.17. (For alle påmeldte)

Oppstart: 13.oktober kl. 09.00 til 11.30. (Molværsvegen 17).

Korleis melde seg på?

For påmelding: gå inn på lenkje under å kryss av for Glennes foreldreprogram.

https://dialog.sula.kommune.no/dialogue/SKO-94

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis

Meir informasjon

Her finn du meir informasjon om Glennes foreldreprogram

Kontakt tiltakskoordinator for barn og unge

Category
Learn

Copy link for sharing to facebook groups

Reccurring event

September 22, 2026 — January 12, 2027

Practical Information

Place2.etg.
AddressMolværsvegen 17, 6030 Langevåg, Norge
Contact person
Available day(s) to participation: Tue, September 22, 2026, 15:00 - 16:30 Tue, October 13, 2026, 07:00 - 09:30 Tue, October 20, 2026, 07:00 - 09:30 Tue, October 27, 2026, 08:00 - 10:30 Tue, November 3, 2026, 08:00 - 10:30 Tue, November 10, 2026, 08:00 - 10:30 Tue, November 17, 2026, 08:00 - 10:30
Tickets

If you have any questions, please do not hesitate to contact us

Map