For å kunne gjennomføre det årlege Area-51 LAN, et dataparty for ungdom i Sulahallen, er vi avhengige av frivillige vaksne som kan ta på seg vaktansvar. Eit vaktlag har ei vakt på 6 timar i løpet av helga. Vaktlaget vil bestå av minimum ein vaksen, i tillegg til ungdom frå ungdomsrådet og andre frivillige. Arrangement går frå fredag kveld til søndags morgon og det er behov for vakter både dag, kveld og natt. Arrangementet er eit populært og vellykka samarbeidsprosjekt mellom kultureininga, ungdomsrådet, SDOK og frivillege. Mange ungdommar gledar seg stort til denne helga! MEN vi er altså heilt avhengige av frivillige foreldre/vaksne for å kunne gjennomføre! Vi lover ei kjekk helg der DU kan bidra til at Area-51 LAN nok ein gong kan bli eit høgdepunkt for mange ungdommar på Sula!