PMTO Kurset er praktisk retta og vil ta utgangspunkt i daglegsdagse situasjonar i familien. Døme på det kan være morgonrutiner, leggerutiner, lekser, måltid, søskenkrangel og utfordrande samarbeid. Vi vil fokusere på korleis få til eit godt samarbeid i familien og korleis vi kan lære nye ferdigheter.
Tema i kurset:
- Korleis legge til rette for betre samarbeid med barn
- Systematisk bruk av ros og oppmuntring
- Effektiv grensesetting og bruk av konsekvensar
- Tilsyn
- Problemløysning knytt til daglegdagse utfordringar i familien
- Positiv involvering og kommunikasjon med barn
- Handtering av søskenkrangel og raseriutbrudd
- Samarbeid med barnehage/ skule
Kven kan vere med?
Kurset er for føresette med barn mellom 4-10 år. Kurset går over 12 samlingar, med møte 1 gang i veka på 1,5 time. Mellom kvar kursdag vil deltagarane få ei oppgåve som skal øvast på heime til neste møte. Det blir satt av tid til å dele erfaringar frå arbeidet med oppgåva på kvart av møta.
Lenkje til påmelding:
https://dialog.sula.kommune.no/dialogue/SKO-121
For meir informasjon om PMTO foreldrekurs, og informasjon om andre lavterskeltilbod i kommunen, kan du følge lenkja under: