Mange i lokalsamfunnet vårt kjenner seg kanskje einsame eller ønsker meir kontakt med andre. Det ønsker vi å gjere noko med!
Vi har fått laga ein kaffevenn-kopp. Saman kan vi skape eit varmare samfunn - med ein kopp og ein prat.
Stikk innom biblioteket og ta ein kopp gratis kaffe saman med våre kaffevertar.
Du er hjarteleg velkommen til å senke skuldrane og sette deg ned for å prate over ein kaffekopp. Av og til deler vi eit dikt eller ei god historie saman.
Arrangementet er gratis. Ingen påmelding.
Vi samarbeider med frivillige frå Langevåg Røde Kors.
VELKOMMEN!