Arrangement

Forfattarbesøk Ellen Vahr + markering av Nasjonal bibliotekdag

Arrangeres av:

Vi markerer Nasjonal bibliotekdag med flott forfattarbesøk av Ellen Vahr på Sula bibliotek.

Ellen Vahr er utdanna ved Handelshøgskolen i København. I 2016 vart ho nominert til Bokhandlerprisen for debutromanen "Gåva", forteljinga om Anne Brannfjell, ei av landets mest kjende kloke koner og forfattaren si tipp-tippoldemor. Seinare følgde "Idle Hour"-trilogien, inspirert av reisa bestemora hennar gjorde til Amerika under første verdskrigen og tida hennar som tenestejente hos familien Vanderbilt, den rikaste familien i USA på den tida.

I år er ho aktuell med romanen "Borte fra verden", ei storslått forteljing om kjærleik, krig og kvinneliv, inspirert av den verkelege historia om sprengstoffabrikken på Håøya under første verdskrigen. På øya arbeidde seksti unge kvinner med livsfarleg sprengstoff. Mange av dei kom frå fengsel og gate­miljø, og vart henta ut for å gjere eit arbeid som få andre ville ta på seg. I romanen lèt Vahr oss møte Edith og Jakob, to menneske merkte av tap, lengsel og skuld, og gjennom historia deira teiknar ho eit intenst drama om fridom, tilgjeving og trua på eit betre liv.

Det blir høve til å kjøpe bøkene av forfattaren etter arrangementet.

Vi byr på kaffe og kake.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Vi ønsker alle hjarteleg velkommen til ein hyggeleg kveld i biblioteket!

Kategori
Learn

Kopier lenke for å dele til Facebook-grupper

September 1, 2026

17:00 — 18:30

Praktisk informasjon

Sted:Sula bibliotek
Adresse:Fyllingvegen 11, 6030 Langevåg, Norge
Kontaktperson:

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.

Kart