LANGEVÅG RØDE KORS 100 ÅR – VELKOMEN TIL SOGEKVELD MED BOKLANSERING
Røde Kors Langevåg fyller 100 år og har fått si eiga jubileumsbok på 200 sider, rikt illustrert! I samarbeid med Sula bibliotek og Sula sogelag inviterer vi til bokpresentasjon av på biblioteket 19.11. klokka 18.00. Redaktørene for boka er Arne Brandtzæg Fausa, Birgitte Lerheim, Olav Hoff og Sverre Skaar.
Boka er ikkje berre eit mimreskrift for dei som har vore med i Røde Kors-arbeidet. Like mykje er ho ei fortelling om Langevåg Røde Kors i eit breiare perspektiv, både i bygda, landet og verda. Deler av denne fortellinga vil bli presentert gjennom korte bildeforedrag ved medlemer av bokredaksjonen og intervju med inviterte gjestar frå Røde Kors-laget og bygda.
Både skriftlege og munnlege kjelder har vore til nytte i arbeidet. Eit rikhaldig arkivmateriale frå foreininga og arbeidsgreinene har vore til stor nytte. Likedan har digitaliserte utgåver aviser, bøker, tidsskrift i Nasjonalbiblioteket sitt arkiv spela ei viktig rolle for framstillingane, og har gitt info som er ny for mange i dag.
– Visste du t.d. at rett etter krigen bidro sulalendingane med store midlar til flyktningarbeidet i Europa, koordinert av Langevåg Røde Kors? Eller at lokale erfaringar med smittsame sjukdommar på 1910- og 20-talet var ein viktig årsak til at foreininga blei oppretta og Olafsminde sjukehus bygd? Og at det før det vart vanleg med baderom i privathus, kunne bygdefolket ta vekas bad i kjellaren på sjukehuset?
Dette og mykje anna kan du få vite meir om på sogekvelden! Sula sogelag har kafe ved arrangementet. Det blir også høve til å kjøpe boka. Velkomen!