Velkommen til eventyr-teater i biblioteket!
I «Sølvendene» møter vi Askeladden som er på veg til slottet, for der har han nemleg høyrt at han kan skaffe seg arbeid. Men Kongen er ingen enkel mann, og han vil at Askeladden skal reise til trollet for å stjele eit sengeteppe, ei gullharpe og til slutt trollets sølvender.
Askeladden har ikkje så lyst til å stjele, men har kongen befalt så må han vel det. Dermed legg han i veg til Berget det blå og lurer trollet meir enn éin gong, men kven er det som blir lurt til slutt?
Forestillinga varer i ca 30.min, og passar godt for barn mellom 3 og 100 år. Gratis inngang!
Arrangementet er støtta av Folkeakademiet Sula