Bli med på lesestund for vaksne.
Slik blir kvelden: vi samlar oss om ein tekst/ei novelle, les den sakte og stoppar opp for samtale undervegs. Det er ingen krav til å delta i samtalen. Du behøver ikkje å ha lese noko på førehand eller førebudd deg på andre måtar, det er nemleg alltid ei overrasking kva tekst som blir lese.
Vi held på ca. 1 ½ time, og det blir servert kaffe/te og noko attåt.
Arrangementet er gratis.
OBS! Påmelding til biblioteket på e-post til
oana.skarboe@sula.kommune.no eller SMS (95710242).
VELKOMMEN!