Velkommen til DEN STORE KLESBYTTEDAGEN på Sula bibliotek!
Forny garderoba di på ein miljøsmart og hyggeleg måte.
Lever inn reine, heile og fine klesplagg til biblioteket.
For kvart plagg du leverer inn, får du utdelt ein klesbyttelapp og kan velge deg ut eit nytt plagg.
Praktisk informasjon og reglar
Du kan levere inn klede for både barn, ungdom og vaksne, inkl. fine sko, belter og vesker.
Innlevering på biblioteket i opningstida måndag til fredag i veke 17.
Du får klesbyttelapp for kvart plagg som du leverer, og dei kan du bruke på DEN STORE KLESBYTTEDAGEN laurdag 27. april.
Det som evt. måtte bli til overs, vil bli gitt til ein veldedig organisasjon.
Sula Husflidslag vil ha open kafe, så det blir høve til å få kjøpt seg vafler (også glutenfrie/laktosefrie!), saft og kaffe.
Bli med på DEN STORE KLESBYTTEDAGEN du også, og bidra til eit meir miljøvennleg samfunn!
Arrangør:
Sula bibliotek i samarbeid med Sula Husflidslag
Arrangementet er ein del av «Biblioteka si berekraftsveke 2024»